Buskagitasjon - baksnakk, sladder og rykter

Heile denna bloggen er eigentleg berre eit stort omsorgsprosjekt. Sladder er jo eit sosialt glidemiddel. Du skal ikkje tolka buskagitasjonen som reint kjerringprat. For ei tid tilbake, kunne Dagbladet melda at Menn elsker sladder. Her er det altså ope for alle.

onsdag 20. oktober 2004

Er giret speglvendt i england?

No held eg på å bevega meg litt vekk frå bloggens tema, då... Heile poenget med denne bloggen, var å laga debatt og å få innspel. Kan hende folk ikkje kommenterer bloggar, berre sånn? Då dør bloggen!
Men om mindre skumle tema får folk til å kommentera, så fungerer kanskje dette?

Spørsmålet er altså om første gir normalt er opp til venstre på engelske bilar. Kva med pedalar og nøkkel? Er alt speglvendt?
Kjelde: forum.hw.no

tirsdag 19. oktober 2004

Slipp fri frå evt. kidnapping


Her har ein fyr blitt teken til fange av teroristar. Dei trudde dei skulle få bruka han til noko nyttig, men etter eit søk i Google slapp dei han fri. Fyren var ikkje ein spennande agent likevel. Teroristane blei altså overbevist om dette etter å ha googla fyren.
Du må altså sjå til at du er godt presentert på nett, før du vert kidnappa av teroristar. Denne historia fortel også at sida må vere indeksert av Google. All informasjon inn i Google, mao! ;-)
Kjelde: BBC News

mandag 11. oktober 2004

"theajosefine" i MSN Soulmates

Josefine
Kven er dette?

Kilde: MSN Soulmates - Match.com Norge, 08.10.2004

søndag 10. oktober 2004

Buskagitasjon - baksnakk, sladder og rykter

Agitasjon kjem av det latinske ordet agitatio som eigentleg tydar å "ivrig sette i bevegelse". Går vi til bibelen (Norsk Riksmålsordbok), finn vi ordet definert som "søke å påvirke folks (særlig politiske ell. sosiale) opfatning (holdning) ved overtalelse ell. opegging". Eks: "agitere for en sak" eller "han for rundt i bygdene og agiterte".
Buskagitasjon er ufin, usaklig og uhederlig agitasjon. Sladder, mao.