Buskagitasjon - baksnakk, sladder og rykter

Heile denna bloggen er eigentleg berre eit stort omsorgsprosjekt. Sladder er jo eit sosialt glidemiddel. Du skal ikkje tolka buskagitasjonen som reint kjerringprat. For ei tid tilbake, kunne Dagbladet melda at Menn elsker sladder. Her er det altså ope for alle.

tirsdag 19. oktober 2004

Slipp fri frå evt. kidnapping


Her har ein fyr blitt teken til fange av teroristar. Dei trudde dei skulle få bruka han til noko nyttig, men etter eit søk i Google slapp dei han fri. Fyren var ikkje ein spennande agent likevel. Teroristane blei altså overbevist om dette etter å ha googla fyren.
Du må altså sjå til at du er godt presentert på nett, før du vert kidnappa av teroristar. Denne historia fortel også at sida må vere indeksert av Google. All informasjon inn i Google, mao! ;-)
Kjelde: BBC News