Buskagitasjon - baksnakk, sladder og rykter

Heile denna bloggen er eigentleg berre eit stort omsorgsprosjekt. Sladder er jo eit sosialt glidemiddel. Du skal ikkje tolka buskagitasjonen som reint kjerringprat. For ei tid tilbake, kunne Dagbladet melda at Menn elsker sladder. Her er det altså ope for alle.

mandag 5. desember 2005

Gratulasjonar til Sverre Magnus

Heile det norske pressekorpset ser ut til å fryda seg, og det er vel på sin plass å slenga over nokon gratulasjonar frå ryktebørsbloggen Buskagitasjon også...



Dette namnet kjem no til å bli særs populært. SSB fortel at det i dag er 69 norske menn som heiter Sverre Magnus. Til neste år skal dette talet vera mangedobla! Vent å sjå!

Isolert sett fins det namnestatistikk for namna Sverre og Magnus:





Kjelde: ssb.no

onsdag 24. august 2005

Oddaungdom i industrien

Under overskrifta "Feriesliterne har ordet" fekk Jimmi eit intervju på trykk den 18. august 2005. Jimmi må svara på spørsmål om jobb og utdanning, og eg syns han gjer det bra. Han klara til og med å finta ut intervjuaren, å redda skinnet på lurespørsmålet om D-skiftet.

Terningkast seks!

Klikk på bilete for å lesa heile intervjuet.
Alternativ lenkeadresse: her.

lørdag 20. august 2005

Bloggen til Sandra Lyng Haugen

Både Sandra og Aylar har fått laga seg blogg på mobilblogg.no. Om dette er eit PR-stunt eller berre ein vanleg egotripp veit eg ikkje.



o Sandra sin blogg
o Aylar sin blogg
o mobilblogg.no

mandag 8. august 2005

Han som dreiv Rimi

Hugsar du han som dreiv butikken på Hjøllo for nokre år sidan?
Lurer du på kva som har skjedd med fyren?


Les meir i Haugesunds Avis


Var det ikkje meir han holdt på med? Klesbutikk? Nokon som hugsar?

torsdag 28. juli 2005

Ny journalist i HF?


Er dette den nye journalisten i HF?
Ho som har lysing etter sentralt plassert bustad, i samband med jobb... Er dette den nye journalisten vår?

(snakk om paparazzi - haha!!)

tirsdag 26. juli 2005

Ola som eig hotell i Odda?

Klikk for å lesa blogginnlegget til Kari

Eg las eit blogginnlegg frå ei Kari frå Michigan, US. Ho fortel om favorittslekningen sin i Norge. Han heiter Ola og eig hotell i Odda... Ehh... Javel? :-p

-> cheshire0puss

torsdag 14. juli 2005

Kva for eit hotell i Hardanger?


Dog tipsa meg om å blåsa liv i Buskagitasjonsbloggen med ein VG-artikkel om underbetalte stuepiker. Saka handla om eit hotell i Hardanger som betalte ei jente frå Estland ei timeløn på NOK 12,60. Sjølv hugsar eg å ha snakka med nokon austeuropeiske jenter som var i Hardanger for å jobba på hotell. Desse traff eg på Peppes og det er vel strengt talt oddas dyraste stad å eta?

Kjelder:
vg.no
bt.no
nrk.no

torsdag 20. januar 2005

Om andre sine bloggar

Her har eg samla nokon eksempel på ting andre har gjort. Nokon held fokus på innhald og andre konsentrerer seg om utsjånad.

Folk eg kjenner:
Dogagon
Eyja
gnagsaar
Min eigen tekniske blogg
Hinstefjord
Håvardmål
Barsjef
Lotte på Spymac
Lotte sitt Space
Major Parkinson
Smooke

Folk eg ikkje kjenner:
tankar frå varanger
Linda Elises tanker.
finnes finn?
Moonlight Tenshi (Obs! Lyd!)
A Mindless Creation Of Monotony Passing Drivel
Blogg og bibliotek
Maris blogg

Andre ting:
Blogarama.com
Blogdigger
blogs.feedster.com
Årets ord

..eg kunne så klart holdt på i det uendelege. I følge Programmer.no kjem det ein ny blogg kvart 5,8 sekund.. Det er ferre sekund det, enn eg brukar på å laga ei ny lenke i lista her...

Sitter du når du tisser?



Klikk her for å lesa artikkelen.

Sven Nordin var innom NRK P3 i dag, der han bl.a. fortalte at han pleide å sitja, når han skulle tissa. Så sant det var mogeleg så gjor han det...

Kva med deg? Sit du når du tisser? Om du ikkje gjer det, kjenner du då nokon som gjer?

(eg hugsar ei nabojente som var steike flink til å pissa ståande... kanskje jenter flest står å tisser?)

onsdag 19. januar 2005

Biltju frå O.?



Klikk her for å lesa artikkelen.

Er 24-åringan frå O.?
Eg hørte rykter om det, ser du...

"Etterpå skulle jeg selge den videre for 10.000 kroner, men jeg fikk aldri de pengene. Jeg fikk heller ikke noe fra han som eide bilen, sa 24-åringen"

Neppe!
Eg trur meir på:

"Ettepå sku eg lixom sellan for TI TUSEN då, men eg fikk jo aldri di pengane... :( Eg fikk ikkje ein gang noe fra han så eigde han, sa 24-åringen"

Eller?