Buskagitasjon - baksnakk, sladder og rykter

Heile denna bloggen er eigentleg berre eit stort omsorgsprosjekt. Sladder er jo eit sosialt glidemiddel. Du skal ikkje tolka buskagitasjonen som reint kjerringprat. For ei tid tilbake, kunne Dagbladet melda at Menn elsker sladder. Her er det altså ope for alle.

torsdag 28. juli 2005

Ny journalist i HF?


Er dette den nye journalisten i HF?
Ho som har lysing etter sentralt plassert bustad, i samband med jobb... Er dette den nye journalisten vår?

(snakk om paparazzi - haha!!)

tirsdag 26. juli 2005

Ola som eig hotell i Odda?

Klikk for å lesa blogginnlegget til Kari

Eg las eit blogginnlegg frå ei Kari frå Michigan, US. Ho fortel om favorittslekningen sin i Norge. Han heiter Ola og eig hotell i Odda... Ehh... Javel? :-p

-> cheshire0puss

torsdag 14. juli 2005

Kva for eit hotell i Hardanger?


Dog tipsa meg om å blåsa liv i Buskagitasjonsbloggen med ein VG-artikkel om underbetalte stuepiker. Saka handla om eit hotell i Hardanger som betalte ei jente frå Estland ei timeløn på NOK 12,60. Sjølv hugsar eg å ha snakka med nokon austeuropeiske jenter som var i Hardanger for å jobba på hotell. Desse traff eg på Peppes og det er vel strengt talt oddas dyraste stad å eta?

Kjelder:
vg.no
bt.no
nrk.no